Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Posts Tagged ‘forloving’

Dette er andre del av historia om mitt voksenliv. Første del finner du HER.

Denne delen handler om hvordan eg fann den store kjærleiken.

Den største kjærleiken i livet mitt så langt fikk sitt forspill sommeren og hausten 1995.  Eg var 32 år gammel. Det starta klokka halv fire ein onsdag ettermiddag den sommeren. Da kjente eg brått ein klarhet i heile meg;
– Tomas, nå kan du slappe av! Nå kan du nyte fruktene av arbeidet du har gjort dei ti siste åra! Du er ferdig med det arbeidet! Du har vært flink, Tomas! Nyt det!

eggI det neste øyeblikket veit eg at NÅ kommer det til å skje ting i livet mitt! Masse! Eg kommer  til å møte nye, spennende mennesker! Det vil komme kjærleik! Livet mitt vil endre seg totalt!

Det var ein herlig tanke! Eg følte meg fri, og heil, og full av håp!

Men i neste øyeblikk kommer ein ny klarhet;
– Tomas, du er ikkje ferdig. Du har meir å gjøre med deg sjøl. Men du vil få vite når du skal starte på nytt, med det siste arbeidet, så ikkje tenk på det nå. Slapp av!

Det var ein litt skremmende klarhet å få, men den fortalte også at eg kunne slappe av akkurat nå, så det var greit. Eg var veldig klar for å slappe av, etter ti års knallhardt arbeid med meg sjøl!

Eg budde i Oslo den gangen. Det var lett å gå ut og oppleve verda. Den hausten skjedde det mykje, eg møtte både nye venner og fikk nye kjærester! Og mista noen kjærester. Eg vart tilogmed forlova, og blei vraka av forloveden to måneder seinere. Men det vakreste kom første vårdagen 1996. Søndag 2.mars satte eit mirakel av eit menneske seg tett inntil meg …

Eg hadde lagt merke til henne hausten før, da ho kom inn på ein fullsatt og bråkete cafe der eg satt. Når ho kom inn endra heile rommet seg. Det virka som ho hadde eit lys rundt seg, som gjorde alt bedre. Eg hadde aldri opplevd maken! Ho kom bort og satte seg sammen med oss tangodanserne, men vi var mange, så eg snakka ikkje med henne den gangen. Dette «lyset» var oppsiktsvekkende, men at det hadde noe med meg å gjøre skjønte eg ikkje.

Men søndag 2. mars 1996 starta det, med eit tangokurs, eit tangoball og ei misforståing …
– da starta det vakreste forholdet eg noensinne har opplevd med ei kvinne.

Det var tangokurs den helga. Deltagerne kom dit som par (eg sammen med ei venninne), og fikk instruksjon om å danse til musikken mens læreren gikk rundt og observerte hva slag nivå vi var på. Og allereie etter første dansen insisterte denne merkelige kvinna om å få danse med meg, under påskudd av at vi burde bytte partnere ofte, så vi lærte dansen og ikkje partneren …

Eg misforstod (heldigvis), og trodde ho var interessert i MEG! Så når kurset var over den dagen, sverga eg for meg sjøl at om ho dukka opp på tangoballet den kvelden, skulle eg by henne opp.

Ho dukka ikkje opp …
–  før det var veldig seint den kvelden. Eg hadde gitt opp håpet når ho brått var der, og for eit sjokk ho var! Ho gjekk i ein svart kjole som smaug seg inntil kroppen, som lot dei mjuke skuldrene være bare, og som glitra om kapp med stjernenatta. Ho hadde på røde pumps, og såg rett og slett ut som ei femme fatale!

Eg ba henne opp til dans, og gjekk bak henne ut på dansegulvet. Utringingen nedover den nakne ryggen var som ein isbre, hoftene vugga meg svimmel, og dei røde skoene var som glimt av lava mot gulvet. Det var eit syyyyn! Eg svalgte djupt og tok denne kjolekledde kvinna i armene mine, skremmende klar over at dette var den viktigste dansen i mitt liv!

Det gjekk tålig bra.

Vi dansa, eg gjorde det enkelt, og sa høflig takk for dansen etter ein håndfull argentinske tangoer. Eg var skjelven.

Seinere dansa vi meir, men eg var nøye med å ikkje legge beslag på henne. Det var fleire som ville danse med denne nydelige kvinna, sjølsagt!

eggNavnlMen så; på slutten, når alle andre var for slitne til å danse; da var det ho og eg som var igjen på gulvet, og vi virvla rundt, svevde avgårde, fulgte hverandre i stille tranedans. Vi dansa oss inn i ei stemning og ein tiltrekning som var synlig i blikk og smil, og i måten vi trykka oss mot hverandre på. Vi leika oss inn eit spirende erotisk og åndelig fellesskap. Ein vakker kjærleik  vart vekka til live mellom oss den natta, på dansegulvet.

Og så vart musikken slått av. Dansen var over. Vi satte oss ved eit bord. Vi satt stille. Eg sansa at her måtte eg være varsom, og med vissa om at det var kurs dagen etter, sa eg takk for dansen. Eg reiste meg, smilte, og sa at dette hadde vært ei fin natt, med fin dansing; Eg vil gjerne utforske det videre ein dag, om du kan tenke deg det?

Ho smilte og og var enig, og sa at ho kunne tenke seg det. Med flimrende hjerte fann eg frakken min og gjekk ut i ein hustrig morgen …

Sukk!

Dagen etter møttes vi på kurs. Vi dansa ikkje sammen der, men var klar over hverandre, og sendte hverandre noen blikk. Og vi brukte begge lang tid på å skifte etter kurset, sånn at det bare var oss to bergtatte mennesker igjen når vi skulle gå. Så vi tok følge, nyfikne på hverandre etter å ha dansa til tidlig morgen den natta.

Sola skinte, så det virka naturlig å sette seg på ein benk i Tøyenparken.  Men sola ga ikkje så mykje varme, så eg måtte tilby henne å låne frakken min. Eg fikk legge frakken min rundt skuldrene på denne litt frosne kvinna. Men uff; da var eg uten frakk i vårkulda, så ho tilbød meg å sitte inntil henne, slik at vi kunne dele frakken. Og når ein sitter sånn, tett sammen, og holder rundt hverandre, da er det lett å la munnene søke sammen, veldig mjukt og forsiktig, i det første kysset …

Eg kan ikkje beskrive det første kysset vårt. Men det var vår. Fuglene sang. Sola skinte. Hjertet mitt hamra. Leppene våre var så mjuke …

Vi flytta sammen to dager seinere. Natt til 1.mai fridde eg, og ho sa ja!
JA!!!
Eit ekte ja, fra eit åpent hjerte, fritt og utvungent! Vi elska hverandre, og var sammen i ønsket om å gifte oss og stifte familie.

Og det gjorde vi!

ikon

Eg unner alle mennesker, deg,
å møte ei sjel som er klar for kjærleik,
som vil dele livet sitt med deg,
som vil DEG.

Eg unner deg å møte eit menneske
med sterk evne til å elske og bli elska!
Sånne mennesker er livets mirakler!

ikon

Read Full Post »