Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Posts Tagged ‘gå’

Tenker på dei gamle sandalene mine.

*

Har hatt dei i mange år, men dei var aldri mine favorittsko. Dei var liksom aldri heilt riktige for meg, aldri heilt fine nok. Og så fant eg eit anna par, som var finere, og tenkte at disse gamle greiene skulle eg bare beholde til lissene gikk sund. Da kunne eg kaste dei.

*

Det gikk mange år. Lissene var tynnslitte og frynsete, men dei rauk aldri heilt. Eg begynte å tro at dei aldri ville ryke, så for noen år sida satte eg disse gamle sliterne igjen i eit hus i Spania. Det var det siste eg så av dei, trodde eg. Greit å endelig bli kvitt dei. Men neida; venninna mi, som eide huset, skjønte det var mine sko og tok dei med tilbake til Norge for meg! Sukk!

*

Men så, i sommer, rauk lissa på den eine sandalen …

*

Eg var på tur, så eg tok ut restene av lissene på begge, og fortsatte å gå i dei gamle sandalene. Tenkte at eg kunne kaste dei når eg kom heim. Men dei var mykje bedre å gå i uten lisser, viste det seg. Enklere å få på, bedre på foten, nesten magisk forvandla av mangelen på lisser!

*

Nå er dei gamle sandalene blitt mine favorittsko. Det er ingen andre sko eg heller smett på føttene mine. Det gleder meg stort å sjå dei sitte på foten, og kjenne kor gode dei er å gå i. Dei er så lette og mjuke.

*

Ei glede i livet, dei gamle sandalene mine.

*

Om eg bare var så heldig å ha ein figur som passet til sandaler! Da ville eg vært lykkelig! Lykkelig! Sukk!

Om eg bare var så heldig å ha ein figur som passet til sandaler! Da ville eg vært lykkelig! Lykkelig! Sukk!

Read Full Post »