Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Posts Tagged ‘psykisk helse’

Første del av denne forteljinga finner du HER.
Andre del finner du HER.

Dette er tredje del av forteljinga om meg sjøl, som voksen.
Og denne delen handler om …

DEN STORE KJÆRLEIKEN

01sleivEg skriv dette for å ære den kvinna som valgte å dele så mange av sine år med meg, for å ære hennar evne til kjærleik, i takksemd over gåva ho gav meg.

Denne kvinna kom inn i livet mitt som eit lys den første vårdagen 1997. Det var ein søndag, 2.mars, og sola skein i våre liv.

Vi flytta sammen to dager seinere, i eit samliv vi begge sa JA til. Året etter gifta vi oss, i eit fantastisk bryllup, der eg såg den vakreste kvinna i verda komme mot meg utenfor Tinghuset, smilende, lykkelig! Vi sa ja, og feira kjærleiken på plenen utenfor mormors hus. Mi nye kone heldt ei tale til meg fra terrasse-trappa der, som eg vil bære i hjertet til evig tid.

Vi fikk vårt første barn i 1999; ein gutt. Vi kjøpte hus, og feira eittårs-dagen hans på gulvet i stua til det nye huset.

Vi var lykkelige, men eg var ennå ikkje frisk, og dei første åra med sønnen vår var tøffe. Det begynte å gå galt for denne skamferte mannen. Vi skulle pusse opp huset sammen, men eg klarte ikkje å gjøre noe. Eg vart bare sittende og stirre i veggen. Kona var fortvila, men ho tok ansvar og gjorde det meste, så mykje ho kunne, og huset vart fint. Veldig fint!

I 2003 fikk vi vårt andre barn, ein ny gutt. Også han født på Aker Sjukehus, på ei fødeavdeling som nå er nedlagt, men som var fantastisk. Dei hadde svært god greie på hva ein fødsel er (ei utfordring kroppen er skapt for), og ga kona mi og meg to svært gode opplevinger. For meg, som hadde vært eit vrak av eit menneske, og som framleis var sjuk, var det utrolig sterkt å være med å sette liv til verda!

Vi var ein lykkelig familie på fire; lillebror, storebror, kona og eg. Innimellom var vi fleire, med storesøster, mormor og tante. Ja, vi var lykkelige, sjøl om eg var sjuk og kona var sliten av å ta ansvaret for økonomien. Vi dro til Kanariøyene, koste oss i sola. Vi dro til London, koste oss i Kew Gardens. Vi reiste med mormor til Danmark, og storkoste oss! Botaniska Trädgården i Gøteborg var også ein slager. Vi koste oss på hytteturer i Østmarka, med storesøster og tante. Koste oss heime i peiskroken. Lo og leika, og skapte ein familie full av glede.

Eg hadde alltid vært ein stormseiler, og var framleis ikkje ferdig med seilasen min, men i livet med denne kvinna fikk eg hvile, nesten hver dag. Ho ga meg ei havn som var så trygg, så god, så full av kjærleik at det var eit mirakel i livet mitt.

Mot alle odds levde eg eit godt liv.

Hvorfor?

Fordi vi begge tok med oss eit stort JA inn i samlivet. Vi ga hverandre tillit; om eg spurte om å dra nordover på festival, da sa ho JA. Om ho spurte om å dra til USA på sommerverksted, da sa eg JA. Om eg spurte om ho ville være med på hyttetur i vinterferien, da sa ho JA (sjøl om ho var ei sinke på ski). Om ho spurte om eg ville være med på teaterhelg i London, da sa eg JA (sjøl om eg syns klassisk teater kan være kjedelig). Vi sa JA, heile tida, og levde eit godt liv med det.

Men det var fleire grunner til at det fungerte ;
– vi var flinke til å seie dei gode orda; «Eg elsker deg!» Og vi var to sterke viljer, likeverdige i styrke og intelligens; vi brynte oss på hverandre, og hjalp hverandre. Også hadde vi godvilje for hverandre, så vi var i stand til å seie «Unnskyld» når det var naudsynt, og vi kunne seie «Eg tilgir deg».

Hverdager blir til mens vi går, og eg har erfart at det er fem ord som er ekstra viktige i eit samliv;
– elsker, takk, JA, unnskyld, tilgir.
På disse orda, og det dei står for, kan du bygge eit godt liv sammen med eit anna menneske.

Vi hadde altså eit godt samliv, og det var eit sterkt fundament i livet mitt, men så, ein ettermiddag i 2005, fikk eg ein ny klarhet; Tomas, nå skal du begynne å jobbe med deg sjøl igjen! Kanskje kom den beskjeden fordi eg hadde eit sterkt fundament i livet, og var klar for å takle nye utfordringer …

Eg visste at eg var sjuk. Og eg hadde aldri vært i tvil om at dette øyeblikket ville komme. Men likevel kom det kasta på meg, og eg ville ikkje! Eg hadde eit godt liv! Eg ville virkelig ikkje! Fan-fan-fan! Eg banna og svor, og stritta imot! NEI!!!

Det nytta ikkje, og eg visste det. Eg har hatt noen sånne klarheter opp gjennom livet mitt, og det har alltid vært valg som er tydelige, tatt av meg på eit høgare plan, og ikkje mulig å velge bort. Slik er det bare, når klarheten kommer. Så eg skulle, og måtte jobbe med meg sjøl.

Eg stupte ned i eit svart hull. Eg vart sjukere enn noensinne. Fra 1999 til da hadde eg reist landet rundt som forteller og foredragsholder, men det stoppa heilt opp. Eg vart fullstendig hjelpelaus. Lå på sofaen, i eit djupt indre mørke. Eg såg heil og frisk ut, ein voksen mann i sin beste alder, men på innsida strevde eg med å holde håpet oppe. Noen dager kjende eg meg fullstendig knust, ødelagt, verdilaus, på innsida.

I dette mørket var det lyspunkter, sjølsagt. Eg fann det vanskeligere å være pappa for ungene mine, men likevel ga dei meg stor glede. Storesøster kom nærmere med i denne tida, og det ga glede. Det var vanskeligere å være mann til kona mi, men likevel var det lite anna som gleda meg meir enn henne. Og ho var fantastisk! Den evna til kjærleik ho viste i dette var heilt utrolig! Ho tok ansvar for meg, for seg sjøl, for ungene, for huset og livet vårt …
– og samtidig evna ho å møte meg med øyne så fulle av kjærleik at det knapt var til å fatte! Det er den største opplevinga av kjærleik eg noensinne har hatt. Ho var mi største støtte i den prosessen eg gjekk gjennom.

Hennar kjærleik var Den Store Kjærleiken!

Eg var forvirra og motlaus. Eg skulle liksom jobbe med meg sjøl, men eg visste ikkje hva eg skulle gjøre, eller hvordan, og trodde at eg ikkje gjorde noenting. Alt stod stille og var jævlig, trodde eg …
– men eg var i prosess; dette ufattelige mørket, denne tomheten, var ei åpning. Det åpna kroppen min for den angsten som lå djupest inne! Eg drukna nærmest i ein altomfattende angst. Det verste var ein ettermiddag våren 2007, når eg var aleine heime, og skulle gå opp trappa til andre etasje. Det gikk ikkje. Eg kunne ikkje gå opp den trappa. Eg visste at det var heilt tåpelig, men eg kunne ikkje! Eg seig sammen på gulvet foran trappa, krøka meg sammen i fosterstilling,  låg der og knuga meg sjøl. Eg veit ikkje hvor lenge eg låg sånn, men eg var aleine, full av angst, og fullstendig prisgitt dei kreftene som hadde herja med livet mitt sida barndommen.

Det var bunnen. Det var jææævlig, men nødvendig å falle så djupt inn i mørket. Det ser eg nå.

Året etter vart eg anbefalt å gå til ein terapeut på Hamar. Det var ei veldig god venninne som anbefalte denne terapeuten, så eg gjorde det. Der fikk eg to behandlinger med ei terapiform som heiter «Reisen». Det er ei form for indre emosjonell reise utvikla av Brandon Bays. Den gjorde heile forskjellen for meg. Vi gjekk gjennom alle negative kjensler eg bar på, lot dei ta over og undersøkte hva dei inneholdt. Det var tøft; eg skalv og skreik, banna og freste …
– men terapeuten satt der med meg, holdt meg i situasjonen og gjorde meg trygg. Vi tok kjenslene ei for ei, eg fylte kroppen min med hver kjensle, og vi lot det ta den tida det trengte. Til sist var det ingen negative kjensler igjen. Eg havna i ein stor indre tomhet. Det var ingenting der. Det var skremmende. Og så sank eg ned i denne tomheten …
– og der fann eg mi opprinnelige, reine livskjensle igjen; ro, kjærleik, glede!

Eg fikk ein redskap å jobbe med i forhold til raseri, motløyse og angst. Eg kunne bruke Reisen på meg sjøl, til å jobbe med dei gamle greiene. Den hadde vist meg hva eg bar på, hva eg var slags menneske, djupt der inne. Den lot meg hente fram denne vakre livskjensla igjen, og bruke henne til å vaske meg sjøl rein for negative kjensler. Det tok tid, men eg hadde endelig eit redskap å jobbe med, og opplevde at eg var i ein positiv prosess som brakte meg framover.

Det var vanskelig i ekteskapet. Det vart stadig vanskeligere. Kona mi stod på for oss begge, men ho kjente seg einsam i det heile. Ho vart sliten av ansvar, konflikter, mørke og sjukdom. Det er ikkje lett å stå ved sida av ein partner som lener seg på deg heile tida. Og det blir ikkje lettere av at partneren bruker all tid i verda på å hele seg sjøl, i stedet for å ta imot hjelp. Det var vanskelig for henne.

02gjemt

Og så, ein mandag ettermiddag tidlig i februar 2013, gjekk sola opp for meg. Eg køyrde inn i ein solnedgang, men i meg stod sola opp når lyset strålte inn gjennom frontruta på bilen. Eg visste brått at nå skulle eg heles; nå skulle dei siste endringene i meg komme; eg skulle bli frisk! Og mi oppgave var å ta imot alle gode endringer med åpne armer.

Det var ei fantastisk kjensle!

Men akk; endringer er utfordrende. Dei skulle komme til å koste meg ekteskapet. Den kvinna eg hadde vært gift med i femten år, det mirakelet eg hadde levd med i seksten år, dette nydelige samlivet skulle ta slutt.

Ho og eg klarte ikkje å gå den siste biten av vegen sammen. Endringene som kom i meg den våren, krevde også endringer i vårt samliv, og det makta vi ikkje å få til. Det vart for vanskelig. Eg ville ting som ho slett ikkje ville, og ho kunne ikkje forstå hvorfor eg måtte endre noe som var så godt. Vi hadde problemer med å snakke om det. Ho var for sliten etter år med oppofringer, eg var for forvirra av alt som endra seg.

Så i juni 2013, på måneden 15 år etter at vi gifta oss, tok det slutt. Vi gjekk fra hverandre, i vennskap, men med ei stor sorg over det vi begge tapte. Eg flytta ut, og etterlot henne i huset med dei to sønnene våre. Vi blei enige om at det skulle være sånn, så dei to kunne fortsette på samme skule med samme venner. Det var hardt, men av og til må ein gjøre offer for andre, særlig om ein har unger og skal skilles. Eg sørger over ungene som ikkje er tilstede i hverdagene mine lenger. Eg sørger over eit tapt samliv, så rikt og godt at det lyser i livet mitt.

Eg sørger over det eg har tapt.

Men eg kjenner takksemd for det ho ga meg. Ho stod i forholdet vårt gjennom så mykje mørke og vansker, stod som ei klok og trygg støtte for meg, og for gutta våre. Ho ga av seg sjøl i kjærleik, tok imot all den kjærleik eg kunne gje, og var ei kvinne med eit åpent hjerte. Gang på gang åpna ho hjertet sitt for meg, og overraska med si evne til å elske. Eg fikk kjærleik så djup og vakker som noe du finn i film eller litteratur, men dette var virkelig; ein kjærleik som fylte hverdagene våre, som eg og ungene mine fikk leve i. Det var eit privilegium å bli elska av ei sånn kvinne.

Ho gav meg Den Store Kjærleiken!

Takk!

19bommen

Read Full Post »

Vi vil jo gjerne ha gode dager, med skyfrie himler og glade tanker, og gode venner som holder rundt oss, og kjærester som kommer med breie smil og kysser oss midt på truten! JA; det vil vi!
Skrik og skrål, gråt og tenners gnissel! alt er til det beste, sier Aum, som er ein ekspert i å skrike seg sunn!

Skrik og skrål, gråt og tenners gnissel! Alt er til det beste, sier Aum, som er ein ekspert i å skrike seg sunn!

MEN …
– så får vi dager og netter med skrik og gråt, og vi får masse smerte fordi vi endrer oss og blir friske, og når vi blir friske vil vi gjerne være det, og ikkje fortsette å endre oss, og måtte streve med gammel smerte!

Men det må vi berre! Og da gjeld det at vi klarer å sjå at smertene vi føler kommer fra oss sjøl, og at det faktisk er godt for oss! Vi trenger ikkje være redd for smertene; dei er gamle sår som heles! Det må til!

Den siste tida har eg blitt hela både dag og natt! Eg skrik og gråter, banner og protesterer, og plager mine venner med fødsels-smertene mine. og dei held ut med meg, så langt dei kan! Flotte venner! (tålmodige så det holder)

Og samtidig kommer det nye venner! Dei berre dukker opp! Dei gir meg også trøst, dei gir meg håp om ny giv i livet, og dei gir meg gode råd med på vegen. Ikkje alle blir værende, men det er så mange av dei at livet mitt er fullt av gode møter! Livet mitt er fullt av åpne hjerter og kjærleik!

Det er så vondt innimellom, alt dette, og det kan være vanskelig å sjå at denne emosjonelle malstrømmen faktisk ER bra! Men det er den! Og eg elsker å vite at dette skjer med meg! Eg elsker at livet nå riv og slit i meg, og gjør meg ny, frisk!

Eg har rett og slett herlige voksesmerter! 😉

Bjørn Eidsvåg – Skyfri Himmel

Read Full Post »