Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Posts Tagged ‘takksemd’

Eg vil gjerne invitere meir takksemd inn i livet mitt.

Det er på tide. Eg har levd over eit halvt århundre. Eg er frisk. Eg er glad i livet. Det er på tide å kjenne takksemd over det eg har fått oppleve, det eg har nå, og det eg får hver dag. Livet er ei gave.

Eg vil gjerne takke for maten. Hver gang eg spis, vil eg takke for den maten eg får. Ein enkel takk er nok, tror eg. Det treng ikkje være ei bordbønn. Eller; det kan være den enkleste bordbønna av alle: «takk».

Eg vil gjerne takke for drikkevatnet. Å ha reint vatn i springen er ei velsigning! Å kunne drikke seg utørst hver dag er eit gode vi sjelden tenker på. Eg vil gjerne takke for dette.

Eg vil takke for det fredelige nabolaget eg lever i. Dei smilende menneskene eg møter hver dag. Dei som møter meg uten angst eller aggresjon, fordi vi lever i eit trygt land, eit trygt nabolag, eit trygt fellesskap. Eg vil gjerne takke for dette.

Eg vil takke for den kjærleiken eg får. Eg vil takke venner for deira omtanke, gode samtaler og glede. Kjærester for intimt samvær i tryggleik, sensualitet og glede. Barn for spontanitet, tillit og glede. Medreisende på trikken for deira omtanke når vi står tett sammen, når vi sit overfor hverandre og utveksler enkle smil, når dei slipp meg ut fra ei vanskelig utkøyring. Jentene på kaffebaren eg går, for deira smil, gjenkjenning, vennlige hjelpsemd, hyggelige hilsener når eg går. Fastlegen min, for å være ein rolig og stødig kar, med kunnskap, som lytter og tar meg på alvor, og snakker åpent med meg om hva han tror eg bør gjøre når eg er sjuk. Eg vil gjerne takke for dette.

Eg vil takke livet. Tida eg har hatt, dagen i dag, dette øyeblikket, og tida eg får. Eg vil takke mor og far for å ha gitt meg dette livet, og for å ha verga meg den første tida, så eg kunne vokse opp. Eg vil takke fjellene for at dei står der, og for gavene dei gir oss; leire, stein og metaller. Takk.

Eg vil takke livet som gir av seg sjøl for mi skuld;
– jorda som gir korn og grønnsaker og frukt og lin og bomull og strå og trevirke
– dyr som gir egg og mjølk og kjøtt og ull og skinn og bein og pels (og innmat; mmm!)
– mennesker som sår og høster og skaper ting for at eg skal kunne leve, eg og milliarder av andre mennesker. Eg vil takke bonden og fiskeren,  håndtverkeren, syerska, tømreren og industriarbeideren.
Eg vil gjerne takke for det dei gjør.

Eg vil gjerne takke for det enkle ordet «takk». Det gjør store ting enkle; som kjærleik, liv, mat, drikke. Det gjør hverdagen bedre. Det styrker forholdene mellom oss. Det er eit godt ord, eitt av dei beste! Takk.

Eg vil gjerne takke for det sanne, det vakre og det gode.

Eg vil takke livet. Livet er ei gave.

Takk

eggNavnl

Read Full Post »