Det har vært ein stygg seilas, dette livet mitt. Mykje vondt har eg holdt ut, og båret på. Alle såra blei gitt meg av andre, men dei var mine sår å lege, mine sår å bli frisk fra.
Det starta for 44 år sida. Eg var sju år, på veg til skulen første skuledag. Eg var lett til sinns, forventningsfull, glad for den nye ranselen, glad i livet, full av bobler over hvor godt det var å være til. Eg hadde eit lys i meg, og eit lys rundt meg! Sånn var eg den dagen, på veg til skulen …
Eg gikk ni års helvete i møte. Mobbehelvete. Dette var slutten av sekstitallet. Det var ikkje mykje fokus på mobbing den gangen. Folk visste at unger var stygge med hverandre, men det blei regna som normalt. Sånn var det bare.
Eg gikk på Farnes Grunnskule, og seinere på Øvre Årdal Ungdomskule. Eg var forfulgt gjennom heile skuletida, på veg til og fra skulen også. I hvert friminutt var det ein gjeng som hersa med meg, la meg i bakken, sparka og slo. Dei lo og mora seg over mine fåfengte forsøk på forsvar. Dei ga meg kallenamn, stygge namn som gjorde meg skamfull. Dei erta meg for alle kjensler eg viste. Alle forsøk på å ta igjen blei latterliggjort, eller førte til meir juling. Eg blei prylt til å akseptere alt dei sa om meg, uten å mukke. Hver dag var det juling. Juling. Juling. Juling.
Eg lyktes i å rømme til lærerrommet noen ganger, og sa fra til lærerne hvor stygge dei andre ungene var. Dei fortalte meg at det bare var leik, og ba meg gå ut i friminuttet igjen og leike. DEI hadde friminutt, skjønner du, men EG var alt anna enn fri. Ikkje eitt eineste jævlig minutt hadde eg fri. Eg var fanga på ein skule der alle utganger var vokta, der alle uteområder var jaktmarker for gjengen som ville ta meg. Det var deira leik, ikkje min.
Eg dro fra bygda når far min døydde, i 1979. Da var eg sytten år gammel, og braut av skulegangen for å rømme fra ei rolle eg ikkje lenger holdt ut. Eg var klovnen, den tragiske figuren som alltid sa eller gjorde noe dumt, slik at alle skulle le i stedet for å slå og plage. Far min døydde av kreft, og eg dro austover.
Eg var ein skada mann. Eg hata meg sjøl, eg hata og mistrodde alle andre, og alle mislikte meg. Eg dro til Elverum, og begynte på ein folkehøgskule der. Eg fekk ikkje venner på skulen. Elverum folkehøgskule var ikkje ein plass eg trivdes; eg krangla med rektor, var redd for dei andre gutta, og var håplaus i mine forsøk på å snakke med jenter. Eg var i opposisjon til alt og alle, og gjekk ut fra skulen etter eit år med «Underkjent» stempla på vitnemålet, i litteratur valgfag; det faget eg burde likt mest av alle.
Men det var rektor som hadde oss i norsk, og eg hata han inderlig for alt han stod for. Han stod for alle arrogante lærere eg noensinne hadde bedt om hjelp fra. Rektor det året var Sigmund Moren, som hadde sitt siste år som rektor før pensjonen. Han klarte dessverre ikkje å fange opp denne skakk-køyrde unge mannen. Eg boikotta han til slutt, og dreit i alt han sa.
Noen år seinere var eg nyskilt, ein 22 år gammel mann, med ansvaret for ei jente på fire. Eg hadde prøvd å gå til psykolog, men legen min høyrde ikkje på meg, og sendte meg feil. Det skjønte eg ikkje før eg kom til terapi; eg la ut om problemene min i nesten ein halv time, før han avbraut meg og fortalte at han slett ikkje var psykolog! Så han kunne ikkje hjelpe meg! Legen hadde sendt meg feil, sjøl om eg hadde sagt VELDIG TYDELIG at eg trengte ein psykolog!!! Det var eit svik mot ein mann som alltid hadde opplevd svik; at ingen noensinne høyrde på hva eg sa. Eg gjekk heim og grein!
Eg budde i eit hus i skogen på Stange. Eg var aleine. Ingen ville hjelpe. Eg gjorde opp status. Dette er hva eg summerte opp for meg sjøl den gangen:
– Eg hater meg sjøl! Er redd for einsemda, så når eg er aleine og kvelden kommer, da blir eg rastlaus og flykter ut på byen. Oftest går eg aleine i bygatene og slenger, ser på folk som er sammen med venner, høyrer dei ler, og går ein annan veg. Aleine. I mørket. Full av mørke. Det mørket som var innprenta meg hver eineste dag i ni år;
– Så dum du er, Tomas!
– Hei Tomata, er du råtten!?
– Pell deg vekk, du får ikkje være med!
– Hei gutter, der er Tomas-tosken, vi tar han!
– Alle andre hater meg! Eg er ein sosial bulldoser uten sosiale antenner. Det blir alltid feil når eg prøver å snakke med folk. Det er noe eg ikkje forstår, noe alle andre klarer å manøvrere i, som eg går på grunn i, på hver fest, i hver samtale med folk, i alle vennskap eg tror skal bli til noe. Eg har aldri lært det, for eg fikk aldri være med, fikk aldri lære det dei andre lærte om hvordan man snakker sammen, leiker sammen, ER sammen. Mobbinga har gjort meg til ein sosial krøpling!
– Eg klarer ikkje å gjøre jobben min! Det har aldri fungert. Eg kommer i klammeri med sjefen, og med kollegene. Eg kommer ofte for seint, legger meg sjuk og blir heime, lusker unna arbeidsoppgaver, og er generelt dårlig til å jobbe og dårlig likt av alle. Eg er lat! Eg har for mykje mørke i meg, og det tar for mykje krefter, så eg klarer bare ikkje stille opp og jobbe like hardt som alle andre! Eg klarer ikkje møte kravene på jobben med eit smil, for eg er usikker på alt, og alt eg prøver å gjøre er eit stort slit. Eg har ikkje krefter til å jobbe, for eg bruker alle kreftene på å holde mørket, angsten, i sjakk!
Det var oppsummeringen. Dønn ærlig, og grusomt. Eg var ein fullstendig ødelagt mann som ikkje fungerte i noen av livets viktige deler. Det var resultatet av ni års mobbehelvete.
*
Hva gjør ein mann i ein sånn situasjon?
Hva ville du gjort?
Hva faen ville DU gjort!?
Hengt deg?
Kasta deg i fossen?
Andre ungdommer i heimbygda mi gjorde det. Nabojenta kasta seg i fossen. Ein anna mann fra bygda dro til byen, tok inn på hotell, og skaut seg sjøl. Hotellfolka sprang til, og fann han i ein blodpøl. Han hadde funne ei kjapp løysing, og flykta fra eit liv som ikkje var til å holde ut!
*
Eg flykta ikkje. Eg prøvde ikkje å ta livet mitt, sjøl om eg ofte tenkte på det.
Eg gjorde det mest heltemodige eg noensinne har gjort i heile mitt liv;
– eg tok eit valg om å endre meg!
I den jææævlige situasjonen valgte eg å drite i det sosiale, og å drite i jobben. Eg fortalte meg sjøl at eg aldri ville klare å fikse det sosiale eller jobben likevel, så eg skulle prøve å fikse einsemda. Eg skulle bare bli værende i huset i skogen, i hvert fall PRØVE å holde meg der, og stille meg sjøl ansikt til ansikt med einsemda. Det var det eine problemet i livet mitt, som eg vågde å sjå i augene. Det var det eine problemet eg trodde eg hadde ein liten, bitteliten, sjanse til å gjøre noe med.
Så starta eg kampen mot einsemda. Eg holdt meg heime. Eg grein. Eg flykta ut gang på gang, men tok opp kampen igjen hver gang. Satte meg ned heime, såg meg i speilet og banna, vandra fra rom til rom, gjekk ut til bilen, satte nøkkelen i låsen, tok han ut igjen, og gjekk opp i stua igjen. Satt der og grein, skalv, banna.
Låg i senga og lengta etter eit anna liv. Savna far min. Søstra mi. Den einaste kameraten eg noensinne hadde hatt; Rikard. Vi som spilte brettspill sammen, men som sjelden snakka sammen. Eg låg der, stod opp, gjekk ut i skogen, lot regnet gjøre meg gjennomblaut, gjekk inn igjen, tørka meg, kjente meg like ille som før.
Einsam.
Etter mange, mange år, begynte ting å endre seg. Eg hadde flytta til Oslo. Eg hadde mista jobb etter jobb, flytta rundt omkring og vært så rastlaus som noensinne, men så;
– eg gjekk til banken i byen ein dag, og fortalte dei at eg trengte lån for kjøpe ein fast plass å bu. Dei sa at eg ikkje hadde lønn å låne på. Eg sa at eg var ein ærlig mann som alltid betalte det eg skulda. Eg sa at eg hadde vært kunde hos dei alle år, og alltid betalt alle smålån og regninger og alt. Og det var ikkje noe stort lån eg ba om; 120.000 kroner til å kjøpe ein hybel på 17,6 kvadratmeter på Bjølsen i Oslo. Dei dreit i dei vanlige låne-reglene sine, og ga meg pengene!
Der, på det lille krypinnet, roa eg meg. Der trivdes eg. Der begynte eg å invitere folk på middag. Folk eg møtte i byen. Folk eg dansa med, spilte fotball med, spilte brettspill med, rollespill. Eg hata ikkje meg sjøl lenger, og det gjorde at eg var roligere sammen med andre. Så dei hata ikkje meg lenger heller. Eg fikk venner!
Ein sommerdag i 1994, når eg var 32 år gammel, klokka halv fire ein onsdag, kjente eg plutselig ein klarhet i heile meg; Tomas, nå kan du slappe av! Nå kan du nyte fruktene av arbeidet du har gjort dei ti siste åra! Du er ferdig med det arbeidet! Du har vært flink, Tomas! Nyt det!
Dette var første del av fortellinga om min kamp mot traumene
som ni års mobbehelvete ga meg.
Andre del finner du HER.
[…] del av denne forteljinga finner du HER. Andre del finner […]
[…] Dette er andre del av historia om mitt voksenliv. Første del finner du HER. […]